Fyrsafari frå Hardbakke til Utvær
Utvær i Solund er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Kvar laurdag i perioden 11. juli – 15. august kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. Avhengig av vêret vil turen gå nord eller sør for Ytre Sula og gjennom øyriket i Solund. På Utvær går du på Nordsjøløypa rundt øya i lag med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter eit kapell frå 1718 og merke etter sliping av sverd. Det vert også høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det. Utsikta frå toppen av fyret er fantastisk!
Program:
10.45 - Avgang frå Hardbakke, Solund
11.30 - Ankomst Utvær
14.30 - Avreise frå Utvær
15.15 - Ankomst Hardbakke
Det vil vere mulig å kjøpe vaffel og kaffi på Utvær.
Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke. Ta gjerne med mat og drikke. Vêret kan skifte brått ute i havgapet så det er anbefalt å ha med varme klede i sekken.
Velkomen til øyriket lengst vest i Noreg. Vi ønskjer deg ein flott tur!
INKLUDERT I PRISEN
Pris fra kr. 700,-
Pr. person
VELG ANTALL PERSONER OG DATO